Matsystemet vårt - Landbrukets oppgåve vs Stortingets mål
Torkil Sandsund
Regissør og manusforfattar bak teaterframsyninga «Bondetinget»
6963 Dale
Primæransvaret til den enkelte bonde er som for oss andre; å arbeide for å dekke kostnadar til livsoppholdet og halde hjula i gang.
Stortinget sine overordna mål for jordbruket rommar større samfunnsomsyn, som har lite med den enkelte bonde sitt personlege ansvar å gjere, men mykje med måten vi som samfunn nytter naturen og ressursar på:
- Mattyggleik og beredskap,
- landbruk over hele landet,
- auka verdiskaping og
- bærekraftig landbruk med lavere utslipp av klimagasser.
I det tradisjonelle jordbruket har alle desse måla vore ivaretekne som ein naturleg biverknad av arbeidet.
Det moderne jordbruket har systematisk bevega seg lenger og lenger vekk frå Stortingets mål. Vi har utvikla eit produksjonsapparat som no er ein del av problemet.
Diagnosen
Riksrevisjonens undersøkelse av måloppnåelse og styring i jordbruket frå 2010 peika på at det er ein “risiko for at de overordnede målene som Stortinget har satt for jordbrukspolitikken, i for liten grad styrer utformingen av konkrete virkemidler under jordbruksforhandlingene”
Motsetnaden mellom vedteken politikk og resultat har ikkje bedra seg vesentleg sidan 2010. På desse 12 åra er det langt ned kring 10000 bruk.
Kjelde: Totalkalkylen
Kvar står vi?
Frå ein tabell om jordbrukets økonomi i totalkalkylen kan vi lese at markedsinntektene i jordbruket er lavere enn jordbrukets kostnadar og tilskota såvidt dekker bondens arbeidsinntekt og at gjelda er stigande.
Matproduksjonen vert holdt oppe, men med meir kostbar teknologi og eksterne innsatsfaktorer og med færre hender, og alarmerende dårlige marginer. Vi har fått eit landbruk som i stor mon er lausrive frå gardens ressursgrunnlag.
Profitten i marknaden kjem korkje bonden eller forbrukaren til gode, men vert henta ut av bondens leverandører og kundar, som samvirka, næringsmiddelindustrien, handelsnæringa og bankane. Det heile er holdt kunstig i live med ei mengde avbøtende støttetiltak.
Dei fleste bønder hentar i dag hovedinntektene sine frå anna arbeid og subsidierer eiga drift med tid og pengar. Snittinntekta på eit årsverk for arbeid og kapitalinnsats er 212 000 i følge Gryttenrapporten. Vi har kun 4500 heiltidsbønder att i Noreg og 33 % av alle jordbruksbedrifter i landet har null eller negativ inntekt melder SSB.
Det er dette landbruket som skal innfri Stortingets overordna mål.
Spørsmål til Stortinget
Fortolkinga av mål, og prioriteringar mellom motstridande mål, er i stor mon overletne til partane i jordbruksforhandlingane. Men i forhandlingsinstituttet sit berre representantar for landbruksdepartementet og finansdepartementet (og med innspel frå klimadepartementet) og utformer statens tilbod. Motparten i forhandlingane, faglaga har uttala at dei ikkje maktar å kreve det som trengs, berre det dei vert råda til av Samvirka og det dei kjenner det er rom for.
Resutaltet av forhandlingane gjennom alle år viser, med unntak av mål om verdiskaping, at Stortingets overordna mål ikkje kan ha hatt særlig høg prioritet mellom partane i Jordbruksforhandlingane.
I Hovudavtalen for Jordbruket, står det at «Jordbruksavtalar står tilbake for lover og stortingsvedtak, og kan ikkje gjennomførast i strid med traktatar som er bindande for Stortinget.» Det vil seie at ein jordbruksavtale skal komme Stortingets overordna mål i møte.
I Hovudavtalen for jordbruket, står det vidare at Statens utvalg i jordbruksforhandlingane « ..består av representanter fra de departement Staten bestemmer selv».
Ein kan undrast over kvifor Staten ikkje nytter høvet til å involvere departement som har kompetanse på nettopp Stortinget sine overordna mål, når jordbruksavtalen skal utformast. Kvar er departementa som skal ivareta distrikt, beredskap, ernæring, klima og miljø i forhandlingane? Eg vil tru ein ville fått ein anna jordbruksavtale om langt feire departement var involvert, for å sjå til at vektinga mellom måla var i tråd med Stortingets vilje og vedtekne politikk.
Eg meiner Stortinget bør nytte sitt mandat til å oppnemne kva departement som skal ha innverknad under forhandlingane og ivareta Stortingets sine mål. Om fleire departement hadde kunne vore med å fremme sine interesser under forhandlingane ville vi fått ei anna verdivurdering av jordbrukets rolle.
Relevante departement er:
Arbeid og inkluderingsdepartementet, fordi rekruttering, inntektsvilkår og sosiale rettar er avgjerande for om folk faktisk kan bli bønder.
Helse og omsorgsdepartementet - fordi matproduksjon, folkehelse og beredskap heng uløyseleg saman.
Klima og miljødepartementet - fordi jordbruket er ein nøkkelsektor for naturforvaltning og klimaarbeid.
Kommunal- og distriktsdepartementet fordi busetting og verdiskaping i heile landet er eit uttalt mål.
Justis- og beredskapsdepartementet - fordi landbruket er essensielt i vår totalberedskap
Kultur- og likestillingsdepartementet fordi landbruket forvalter mykje av vår immattielle og matrielle kulturarv.
Forsvarsdepartementet- fordi busetnad og mattryggleik er ein sentral del av vår beredskap.
Finansdepartementet må utfordrast fordi det er reelt motsetning mellom stortingets mål for jordbruket og FD sitt trykk i retning effektiv drift og restriktiv tilskotspolitikk.
Spørsmål til bøndene
Har den enkelte bonde ansvar for landets beredskap og klimapolitikk og distriktspolitikk?
- Ikkje meir enn andre sjølvstending næringsdrivande.
Dei spørsmåla som må stillast til landbruket må vere:
Er landbruket villige til å løyse Stortingets overordna mål for oss?
Er det produksjonsapparatet dei sitt att med i dag, i stand til å løyse desse oppgåvene?
Om landbruket og den einskilde bonde, skulle seie seg villige til å løyse desse ekstra oppgåvene, må neste spørsmål bli:
Kva landbruk treng vi, for å nærme oss desse måla?
Kva må vi gjere for å sette landbruket i stand til å komme desse oppgåvene i møte?
Til kva pris kan landbruket ta på seg desse oppgåvene og den naudsynte omstillinga?
Kva for fallgruver finnast det, om landbruket skal ta på seg desse større samfunnsoppdraga, i tillegg til matproduksjon?
Den enkelte bonde kan ikkje påleggast desse oppgåvene, men landbruket må vere ein viktig del av løysinga på desse problema, det ser alle. Men vi kan ikkje kreve av landbruket at dette skal løysast på dugnad, av dei få som i dag er att.
Om sjølvforsyning
Regeringa har eit mål om ei auking i sjølforsyninga på 50 % innan 2030. I følge NBS krev dette ei auke i planteproduksjon på 20%, ei auke i kornarealet på 100 000 da og grasarealet på 1 mill da og utmarksbruken må opp med 20%. Potensialet ligg i dei 1511 kvadratkilometer eller 13,3 % av jordbruksareala som er ute av drift.
Dette kan ikkje løysast på ein bærekraftig måte med framleis “effektivisering”. Det vil kreve meir målretta avl og genredigering og meir kapital, teknologi, energi og tilførte ressursar. Skal dette løysast i tråd med bærekraftsmåla må det komme som ei separat løysing som skiljer seg frå det eksisterande jordbruket. Ei ny satsing på beredskapsjordbruk, inspirert av modellane for det Sveitsiske fjelljordbruket. Eit jordbruk som i større grad utnytter bygdenes eigne kretsløpsresurser og med teknologiløysingar som tilpassa mindre bruk og lavere kostnader. Det kan heller ikkje løysast med vidare krav om meir produksjon pr arbeidstime og areal.
Om beredskap
Dei store moderne kjøt og mjølkeproduserande einingene står ikkje på eigne bein, men er heilt avhengige av tilført kraftfor, kunstgjødsel, teknologi og energi, samt ofte utanlandsk arbeidskraft, for å produsere mat. Det gjeld og for frukt og grønt, slik vi såg under pandemien og no under energikrisa. Dei er sårbare om forsyningslinjene forstyrrast. So her leverer ikkje dagens landbruk når det gjeld korkje sjølvberging, bærekraft eller beredskap.
Om landbruk i heile landet
Kanaliseringspolitikken har til ein viss grad gitt oss matproduksjon i heile landet, om ein ser dei åtte sonene under eitt. Men på bygdenivå, er det kun dei beste jordbruksbygdene innad i sonene, som leverer og dei fleste bygder ligg snart brakk, og i beste fall med ein eller to store og ofte gjeldstynga bruk att. Øvrig er det beitepussaren som går, og nokre seige eller idealistiske bønder venter til generasjonsskifte med å legge ned. Heile bygdesamfunn er rasert, med nedlegging av alle samfunnsfunksjonar som resultat.
Her må debatten om differensiert arealtilskott innad i sonene reisast. Ein bør og vurdere kanaliseringspolitikkens ulemper som gjer det vanskeleg å drive jordbruk tråd med biologien der husdyrgjødsel er ein naturleg del av planteproduksjonen.
Om menneske- og dyrevelferd
Vi høyrer vi stadig opprop om dyretragedier, det er symptom på at vi har pressa næringa til det ytterste. Dette er bønder systemet brutalt avvikler gjennom å presse dei utfor stupet. Dei har gjort alt staten har råda dei til, dei sit med store lån, dobbelt arbeid, ansvar for velferden til alt for mange dyr, og få kollegaer i bygdene sine å stø seg på. Dette er resultatet av eit effektivitetskrav og stadig nye pålegg som med tiltakade styrke, stadig pressar bønder ut av næringa. Men til større dei råka einingene vert, dess grymmare vert konsekvensane.
Om solidaritet.
Vekst i folketal og forbruk gjer at vi driv rovdrift på verda sine naturressursar.
Vi har litt forlenge, med vår kjøpekraft, hatt tiltru til at forsyninstryggleiken vår vil kunne halde fram, uforstyrra. No ser vi ein annan røyndom. FN rår i dag alle land i verda til å ta ansvar for eigen mattryggleik. Vår landbrukspolitikk har gitt oss ein sjølforsyningsgrad på 37 %, som reelt er lavere om ein trekk frå sårbarhet med importerte innsatsfaktorar. Jordbrukspolitikken er i dag også regulert av internasjonale avtalar, som legg hindringar for tiltak som styrker vår eigen forsyningstryggelk. Likevel ser vi andre land som Sveits som er i ein lik situasjon som oss lukkast med dette. Om internasjonale traktatar viser seg å stå i vegen for å auke sjølvforsyningsgraden, må det vere Stortinget si oppgåve å syte for at det vert rydda i dette, i tråd med FN sin tilrådingar.
Om samfunnsansvar og «billig» mat
Vi som samfunn må ta ansvar for bryte mentaliteten som får oss til å jage etter billig mat. Daglivarehandlelen må forstå at det er ikkje er heiderleg å skryte av at ein stadig pressar prisane. Det er veldokumentert at det er sine eigne innkjøpsprisar dei pressar, ikkje prisane ut til kunden. Gjennom jaget etter billig mat nedover i næringskjeden, står vi i fare for å presse livsgneisten ut av dei få som er att til å gje oss mat på bordet. Ei vesentleg inntekstauke for bøndene vil berre koste forbrukaren promiller i auka kostnader, om staten og forbrukaren tvinger mellomledda til å syne måtehald.
Men det vil kreve vesentleg meir av bøndene, og oss som samfunn, å omskape dagens produksjonsapparat til å bli reelt bærekraftig.
Ikkje eit gardsbruk å miste.
Vi må sette alle tiltak inn mot å stogge og reversere den årvisse bruksnedlegginga. Løysinga, er at bøndene får rett betaling for primæroppgavene sine. Så godt betalt at dei er mindre avhenging av jobb utanom, så godt betalt at det svarar seg å drive i samspel med naturen, med biologien og geografien, så godt betalt at det svarar seg å produsere mindre pr. arbeidstime, så godt betalt at vi kan finansiere fleire gardar og gjenreising i nedlagte landbruksbygder.
Realverdiar må verdsettast reelt.
Ei satsing på å auke sjølvforsyninga til 50 % innan 2030, altså ei auke i eigen matproduksjon på 30% i høve dagens produksjon, tenkjer eg bør komme som ei ny satsing utanom det konvensjonelle jordbruket. Lat det bestående bestå - vi treng det - men ta bort krav om ytterlegare effektivisering og gje bøndene betalt bode for arbeidsinnsats og for eigekapitalen, kanskje det vil bety færre støtte ordningar ogmeir autonomi for bønedene.
Men auka frå 35 % sjølvforsyning til 50 % tenkjer eg må komme i tillegg, som eit beredskapsjordbruk. Eit jordbruk som verdsetter realverdiproduksjon i størst mulig grad basert på bygdenes eigne kretsløpsresursar.
Som bygger verdiar utan å tære på våre lagerresursar og som ikkje forringer naturens bæreevne. Dette jordbrukets avkasting har i realiteten ein heilt annan verdi enn slik den er verdsett i dag. Dette vil reelt sett kunne komme Stortingets mål imøte og supplere det jordbruket vi har i dag på ein bærekraftig måte. Her krevast det engasjement frå alle departement, som kvar for seg kan fremme kva betydning jordbruket har for deira formål. På dette viset kan vi få fram i kva verdi produksjon av realverdier basert på kretsløpsresursar eigentleg er.
Det komme som ei ordning utan om jordbruksavtalen, ein modell kan kanskje vere rolla kulturrådet spelar for den frie scenekunsten, dynamiske ordningar somkjennecr feltet og som stimulerer villige bønder som ynsjer å jobbe for beredskap og matproduksjon på naturens premiss, i samspel mellom dyr og planter, basert på stedegne ressursar.
Om vi som samfunn tek dette alvorleg, kan dette legge grunnlaget for å gjenreise den samfunnsnyttige krafta landbruket kan og vil vere.
Ein må då ha med seg Bondelaget sitt gamle formål om å ivareta bygdenes sosiale, kulturelle og økonomiske liv og fokus på legge grunnlag for gode liv og glade menneske. Dette vil styrke vår beredskap bode materielt og mentalt som samfunn, gi tilbake bøndene sin verdighet, og bidra til gjenreising av tilliten i samfunnet. Og vi vil trygge bode busetnad og sjølvberging bode i normal år og om forsyningstryggleiken skulle komme i fare.
Frå Hypotekbanken til Innovasjon Norge – eit historisk riss
I samband med ny-premiera på Bondetinget ved Teater Innlandet går regissør Torkil Sandsund i djupna på nokre av temaa som vert drøfta i framsyninga.
Bondetinget har nypremiere på Teater Innlandet 22. januar og spelar fram til xx. februar.
Frå Hypotekbanken til Innovasjon Norge – eit historisk riss
Norsk jordbrukspolitikk etter andre verdskrigen har vore prega av sterke ambisjonar: jamstilling mellom by og land, matforsyning i heile landet, busetting, beredskap og kulturell kontinuitet. For å realisere desse måla vart det bygd opp eit omfattande institusjonelt apparat, der kreditt og finansiering spelte ei nøkkelrolle. Hypotekbanken, Statens Landbruksbank og seinare Innovasjon Norge representerer ikkje berre ulike forvaltningsmodellar, men ulike verdsbilete og forståingar av kva jordbruk er, og kva staten sitt ansvar skal vere.
Hypotekbanken – tid, jord og kontinuitet
Hypotekbanken representerte den eldste logikken i norsk landbruksfinansiering. Banken var basert på pant i fast eigedom og lange tidshorisontar. Den spurde ikkje etter innovasjon, vekst eller marknadspotensial, men etter jord, varigheit og generasjonar. Kreditt vart forstått som eit middel til å sikre kontinuitet, ikkje som ein katalysator for omstilling.
For bonden innebar dette ein form for fridom gjennom tryggleik. Ein kunne byggje i samsvar med eigne behov og lokale føresetnader, utan krav om ekspansjon. Staten sin rolle var implisitt: å vere til stades over tid, å rekne med at bonden blei verande, og å akseptere mangfald i driftsformer og storleik. Hypotekbanken var såleis ikkje eit eksplisitt politisk styringsverktøy; den gav berre langsiktige lån, og bonden var ansvarleg for korleis hen ville investere, stort eller lite.
Statens Landbruksbank og 1965-modellen
Med opprettinga av Statens Landbruksbank i 1965 vart kredittpolitikken i jordbruket meir eksplisitt politisk. Samanslåinga av fleire finansieringsinstitusjonar hadde som mål å effektivisere verkemiddelbruken og støtte ei planmessig modernisering av næringa. Landbruksbanken vart eit sentralt verktøy i etterkrigstidas sosialdemokratiske planøkonomi.
Skilnaden på Landbruksbanken og Hypotekbanken var tilskot. Og tilskota var innretta for å auke effektiviseringa, og såleis vart Landbruksbanken eit verktøy i strukturrasjonaliseringa. Med Landbruksbanken kom det normer for utbyggingsbruk: dei bruka som var godkjende fekk tilskot og lån, medan dei som ikkje var godkjende fekk det ikkje. Med dette gjekk staten i realiteten inn som investor, og kunne avgjere korleis bonden skulle satse, og kor stort eller lite ein kunne byggje.
Grunntanken var at marknaden åleine ikkje kunne levere dei samfunnsmåla Stortinget hadde sett for jordbruket. Difor måtte staten styre kreditt, investeringar og strukturutvikling.
Ideologisk brot: frå plan til marknad
Frå slutten av 1970-talet og gjennom 1980- og 1990-talet skjedde eit ideologisk skifte i vestlege økonomiar. Inflasjonskontroll, liberalisering av kredittmarknader, avregulering av bankar og avvikling av politisk styrt kreditt vart sentrale prinsipp. Denne utviklinga var internasjonalt forankra og vart formidla gjennom OECD, IMF og økonomfaglege miljø.
I Noreg fekk desse ideane fotfeste i Finansdepartementet og Norges Bank. Politisk styrt kreditt vart definert som ineffektiv og forstyrrande. Utviklingsbankar vart sett på som restar frå planøkonomien. Argumentasjonen var teknokratisk: nøytralitet, effektivitet og makroøkonomisk stabilitet.
Frå Landbruksbanken til Innovasjon Norge
Opprettinga av Innovasjon Norge tidleg på 2000-talet representerte eit nytt steg. Landbruksbanken eksisterer formelt framleis, men utlånspolitikken vart gradvis tilpassa marknadslogikk og prosjektvurderingar. Innovasjon Norge vart hovudkanalen for statleg støtte til næringsutvikling, også i landbruket.
Innovasjon Norge opererer ikkje med universell tilgang. Støtte blir gitt til utvalde prosjekt basert på kriterium som innovasjon, verdiskaping, lønsemd og marknadspotensial. Drift i seg sjølv er ikkje tilstrekkeleg. Bonden må framstå som entreprenør. Til dømes er det interessant for Innovasjon Norge om du utviklar garden til andre ting enn det å produsere mat.
Dette inneber ei indirekte styring av næringa. Innovasjon Norge definerer kva som er framtidsretta, og bønder tilpassar seg språk, prosjektform og satsingar. Små og mellomstore bruk, tradisjonell drift og marginale område kjem med dette dårlegare ut.
Stortingets mål – på papiret og i praksis
Stortinget sine mål for jordbruket ligg fast: landbruk over heile landet, matberedskap, berekraft, jamstilling og rekruttering. Men verkemidla støttar i minkande grad desse måla.
Landbruk over heile landet er svekka gjennom konsentrasjon. Matberedskapen er effektiv, men sårbar. Inntektsjamstilling er ikkje nådd, og rekrutteringa er sterkt utfordra. Måla er kollektive, medan konsekvensane er individuelle.
Resultatet er færre bruk, større einingar, høgare gjeldsgrad og større kapitalbinding. Investeringar blir gjorde for å overleve i konkurransen, ikkje for å sikre kontinuitet. Andre verknader er tap av politisk styring, gjeldsvekst og sentralisering. Vinnarane er store og kapitalsterke bruk, finanssektoren og staten på kort sikt. Taparane er små og mellomstore bruk, nye bønder utan eigenkapital, distriktsjordbruket og bondens autonomi. Stortingets mål står att som tomme kulisser, medan ein heilt annan ideologi styrer retninga.
Denne endringa eg peikar på her gjeld sjølvsagt ikkje berre landbruket; det har vore ei systematisk endring av dei fleste av samfunnet sine område og er ein del av ein global trend, driven fram av sentrale finansmiljø, Norges Bank og Finansdepartementet over tid. Dei same endringane som gjekk ut som krav frå Verdsbanken når dei gav lån til u-land, har Noreg innført frivillig over tid, som ein del av ein internasjonal ideologi. Om dette har tent norsk jordbruk og Stortinget sine mål, er noko som må drøftast vidare. Og det er kanskje noko Stortinget bør vurdere nøye sjølve – landbrukspolitikken er trass alt Stortinget sitt ansvar og må ikkje overlatast til andre.
Effektivisering, arbeidsproduktivitet, normering.Kreativ språkpraksis kamuflerer vidare avvikling.
Når teaterframsyninga Bondetinget har ny-premiere på Teater Innlandet i januar 2026, er det naudsynt med nokre refleksjoner omendringane vi har sett sidan premiera i 2021. Ikkje fordi grunnkonflikten har endra seg, men fordi språket rundt landbrukspolitikken har gjort det.
Som framsyninga dokumenterer har målet om jamstilling historisk vore finansiert gjennom eit årleg krav om effektivisering på 2–3 prosent. Det vil seie: Inntektsauke har i stor grad ikkje kome gjennom meir pengar til landbruket, men gjennom ei årleg reduksjon i talet på årsverk. År for år har bønder gått ut av næringa og gitt rom for auka produksjon og inntekt for dei som vart att.
Denne mekanismen har lege fast sidan hovudavtalen i 1953, og vart tydeleg forsterka etter Stortingsmelding nr. 64 (1965), der jamstillinga vart avgrensa til bruk som kunne gi full sysselsetting til éin person på eit «rasjonelt drive bruk». Sidan har kravet skifta namn: reduksjon i årsverk, produktivitetsvekst, strukturutvikling. Innhaldet har vore det same.
Frå arbeid og jord til kapital og risiko
Etter bondeopprøret i 2021, og etter at store delar av landbruket i dag er meir driven av kapital, investeringar og gjeld enn av arbeid og areal, kom eit legitimt krav: Ein må skilje mellom bonden si inntekt som avkastning på kapital og godtgjersle for arbeid.
Gryttenutvalet stadfesta det mange bønder har hevda lenge: Bonden si inntekt for arbeid og kapital har over tid vore systematisk overvurdert i Totalkalkylen. Samstundes peika utvalet på høg inntektsrisiko, stor arbeidsbelastning og svake sosiale rettar.
Gryttenutvalet valde på tross av dette, å ikkje skilje mellom kapitalavkastning og arbeidsgodtgjersle,men konkluderte med at; skal inntektsmåla nåast, må inntektene reelt aukast.
Finansdepartementet og grensa for politikken
Stortingets mål for jordbruket har lege fast i mange år; beredskap, auka sjølvforsyning, små og storebruk og landbruk over heile landet. Riksrevisjonen påpeika i 2010 at « de overordnede målene som er satt for jordbrukspolitikken, i for liten grad styrer utformingen av konkrete virkemidler under jordbruksforhandlingene» I jordbruksforhandlingane er staten representert av i hovudsak Landbruksdepartementet og Finansdepartementet. Det er interesant å granske finasdepartementets rolle i gapet mellom mål og resultat, og undersøke i kva grad Finansdepartementet trumfer Stortingets mål.
I høyringa til Grytten,NOU 2022:14 formulerer FID det slik:
«Inntektsmålet må utformes slik at det ikke svekker insentivene til effektiv drift. Beregningsmetoder som overvurderer inntektsgapet vil kunne føre til et uforholdsmessig høyt støttenivå.»
Dette er kjernen: Ei open erkjenning av det reelle inntektsgapet vil koste pengar. For Finansdepartementet er produktivitetskravet ikkje eit fagleg nøytralt anslag, men eit styringsverktøy for å halde kostnadene nede og presset oppe.
Normering som løysing – på papiret
Resultatet av dette spenningsforholdet er velkjent: Jordbruksforhandlingane skal følgje Stortinget sitt mål om «å opprettholde et aktivt og variert jordbruk over hele landet», samstundes som dei ikkje skal bryte Finansdepartementet sitt krav om effektivisering. Løysinga blir å kamuflere at finansdepartementet sigrar; det vert ingen reel inntektsauke, men ein fiktiv auke rekneskapen, skjult bak forvirrande oppgrep og rekneteknikk.
«Normeringsfaktoren» er her det tydelegaste dømet. Han aukar den berekna inntekta før samanlikning med lønnsmottakarar med ein vilkårlig vedteken prosent – utan å gi bonden ei krone meir. På same måte blir timetalet i eit årsverk justert ned, medan produksjonskravet i praksis ligg fast. Gapet blir lukka i modellen, ikkje i røynda. Fiktivrekneskapen går opp, men i røynda betaler næringa med dugnad og ein ytterlegare reduksjon av antall bruk.
Språk som politisk teknologi
Det som før vart sagt rett ut – at inntektsvekst føreset færre bønder – blir no formulert som tekniske justeringar. Effektiviseringa er ikkje borte, men nytale og kreativ rekneskapsakrobatikk gjer det mogleg å vise framgang utan at vilkåra nødvendigvis endrar seg stort.
Her ligg paradokset: Grytten slår fast at inntektene må aukast reelt. Finansdepartementet set ei grense for kva dette kan koste. Jordbruksforhandlingane endar med eit kompromiss som ikkje løyser motsetnaden, men maskerer han.
Stortinget har formelt all makt og alt ansvar, men rår ikkje over Finansdepartementet sitt uomtvistelege krav om effektivisering. Normeringsfaktoren vert kompromisset som først og fremst tener som språkleg kamuflasje for at Finansdepartementet sin økonomiske ideologi nok ein gang sigrar over Stortingets mål.
Bondetinget handlar difor ikkje berre om landbruk. Det handlar og om kva som skjer når politikken gir frå seg styringa, når endringar i samfunnet ikkje kjem som krav frå grasrota i demokratiet men frå finansdepartementets ideologi og reknemåtar.
Om B. D. Brochmann - og framsyninga
B. Dybwad Brochmann
Bertram Dybwad Brochmann (1881-1956). Er ein mann med ei særskilt historie, ein gartner som vart ein politisk visjonær og svært annerkjend i si tid som folketalar, samfunnsøkonom og politikar, men og kontroversiell og gjennom prosessane mot han etter 2. verdenskrig vart han politisk kastrert.
BDB starta Samfundspartiet og vart valgt inn på Stortinget i 1933, men fekk ikkje gjennomslag der for nokon av sine tankar. Han protesterte mot at NRK sendte Hitler sine talar usensurert, medan han sjølv vart sensurert, han tala for å endre heile det økonomisk system og var kritisk til bode kapitalismen, fasismen og kommunismen som han meinte var sider av samme problem. Og BDB var også ein sterk kritikar av at Noreg brøyt mot nøytraliteten og blei med på den engelske handelskrig mot Tyskland, noko han frykta ville føre Norge inn i krigen. I 1936 hold har ein interpellasjon i Stortinget der han freista få Stortinget med på å holde ein internasjonal fredskongress, der alle parter i den kommande krigen kunne møtast i Norge på nøytralgrunn og oppklare krigsårsakene. Han følte at han berre blei latterliggjort og han hadde små tankar om den norske stat og Storting etter dette.
Samfundspartiet var elles og dei einaste partiet som stemte mot steriliseringsloven som hjemla tvangssterilisering av “romani” og andre “samfunnsmessig uønskede grupper”.
Etter okkupasjonen frykta BDB for at Nazistane ville forfølge han, etter eit opphold i Tyskland på 30-.talet hadde han sett korleis Tyskarane behandla meiningsmotstandarar, han frykta for sitt liv, sine skrifter og sine følgarar. Han viste ikkje kor lenge krigen ville vare, og han var sterkt kritisk mot at regjeringa hadde “stjålet norges gull, tatt med seg kongen og forlatt landet og overlatt styringa til Quisling”. Han holdt difor ein tale og gav ut ei bok der han la fram kritikken mot den norske regjeringa, og der han også gav ei positiv vurdering av den økonomiske strategien som Nazityskland hadde bygd seg opp på i mellomkrigstida. Etter nokre forsøk på å få tyskarane i tale gav han opp, trekte seg attende til eit småbruk på Voss hausten 1940 og holdt ein lav profil etter dette. Men etter krigen vart han anklaga for Landsvik. Rettsaka mot han i Voss Heradsrett set rammene for framsyninga.
B. Dybwad Brochmanns Forsvarstale.
Brochmann var ein omreisande folketalar og gav også ut omlag 40 bøker på eige forlag. Brockmanns har etterlatt seg omslag 40 bokutgivelser, og det mange av hans taler er bevarte på opptak.
Denne framsyninga vil i hovuddrag vere basert på bøkene
“Rettsaken mot B. Dybwad Brochmann” - Stenografi frå landsviksrettsaka i Voss Heradsrett.
“Til Mentalundersøkelse” - der Brochmann harselerer over dei to åra han var til mentalundersøkelse etter krigen, før dommen.
Samt ei rekke lydopptak frå foredrag, radiotalen han holdt i 1940, og stenograferte interpelasjonar han holdt i Stortinget mellom 1933 og 1936. samt Sandsund sine bearbeidingar og passasjar der Sandsund gjer språk og tankar klarare og tilgjengeleg.
Når stykket begynner møter vi Brochmann på Kvitheim, småbruket sitt på voss, der han nett har fått brev om at han vil bli arrestert anklaga for Landsvik. Vidare blir vi med han der han kjemper for å komme unna gjennom å skrive brev til justisministeren, og arrestasjonen og møte med politilegen i Bergen, og prosessen der han blir inlagt og holdt
Vi kjem i tillegg til å møte politilegen frå Bergen, Ragnar Engebretsen og Økonomiprofessor og sakkyndig Johan Vogt. Vogt og Brochmann hadde ein betydelig brevveksling under prosessane. Og gjennom brevvekslinga går ein i djubda på Brockmanns økonomiske analyser.
Arbeidet med Til Mentalundersøkelse bygger på mitt arbeid med Stykket “Bondetinget” og kan kanskje best forståast gjennom det. Det var eit stykke som vart utarbeida gjennom mitt spørsmål: kvifor er det ein så stor kontrast mellom vetatt og uttala politikk og gjennomført politikk. Eg ville finne svar og gjekk tilbake i tid og fant desse svara. Der tok eg utgangspunkt i mine intervju med den då 91 år gamle bondeopprøraren Helge Bergo, og gjennom eit portrett av han, lagde ein analyse av bakgrunnen til norsk landbruk og sjølvforsyning er slik det er i dag. Det kom til å handle om framveksten av det korporative samliv mellom Bondefaglaga, Staten og Samvirka, der avtaleverket bandt organisasjonane so intimt inn i Staten av faglag i praksis ikkje kunne følge sine formålsparagrafer og representere sine medlemmer men vart tvungne til å gjennomføre statens politikk bland sine medlemmer. Statens politikk i etterkrigstida var inspirert av den sovjetiske planøkonomi, og blei gjennomført med økonomiske virkemidler der kravet om arbeidseffektivitet og produksjonsvekst, samt målrette Invisteringspolitikk gjorde det økonomisk umulig for det store flertallet av norske bønder å bli vernede i næringa. Dette medførte at den politisk ønska demografiske endringa der landbruksbefolkninga vart flytta inn i industrien for å kunne auke levestandarden i heile landet. Svarteper fekk landbruket som aldri fekk innfridd den lova jamstillinga som hadde tent som gulrot for at dei skulle vere med på politikken.
Denne forestillinga fekk myke større slagkraft enn eg hadde venta meg, fekk full turne på tre regionsteater med kring 60 forestillinger, og er bestilt av to andre regionsteater i 2026.
Det viktigaste som hendte er at den vart vist på Småbrukarlaget sitt landsmøte hausten 2021, der den vart sett i samband med Bondeopprør 2021, og var med å gav eit historisk grunnlag til heile landsmøte, vart grunnlag for generaldebatten under landsmøte og var med å la grunnlag for utskiftinga av leiinga av Småbrukarlaget påfølgande år. Eg har etter dette vore mykje brukt i landbruksdebattar har harr gjamnleg kontakt med toppane i Bondeopprøret og har vore invitert til ferie podcaster og skrive mange kronikkar om emnet.
Dette er for meg ein ærlig form for politiksk debatt teater, her er ikkje kunstnarar og nyskapinga i fokus, men å gå inn i samtida med Teater som våpen. Det teateret som eg her snakkar om gir eit anna høve til å formidle kompelse tankar og analyser. Og det viser seg at det kan dere vel so effektivt, når ein komprimert får formulert grunnlaggande problem. Det nyskapande her er kanskje i dag at ein ikkje er forfengelig og sjuler innholdet bak metaforer og bilder. Problema i dag er for store til at vi har tid til å gå omvegen via emosjonelle eksempler. Og det viser seg at teater enno kan dere virksomt og at ein i teatret får tilgang på eit publikum, og tid nok saman med dei på ein måte som ein ikkje får gjennom massemedia.
Det har og vist seg at publikummet som Bondetinget tiltrekte seg har vore eit heilt anna enn det dei ulike teatra er vande med. Det er ei gruppe menneske som kanskje eller ikkje kjenner seg høyrt eller tatt på alvor, som her har møtt opp.
I samband med framsyningane har det og vore arrangert ei rekke debattar, og framsyninga har solens vore med å sette dagsorden.
Med forestillinga Til Mentalundersøkelse, vonar eg det same vil skje, at det er ei forestilling som vil vekke debatt, der bode den form for demokrati vi har og våre økonomiske modellar må opp til drøfting.