Matsystemet vårt - Landbrukets oppgåve vs Stortingets mål
Torkil Sandsund
Regissør og manusforfattar bak teaterframsyninga «Bondetinget»
6963 Dale
Primæransvaret til den enkelte bonde er som for oss andre; å arbeide for å dekke kostnadar til livsoppholdet og halde hjula i gang.
Stortinget sine overordna mål for jordbruket rommar større samfunnsomsyn, som har lite med den enkelte bonde sitt personlege ansvar å gjere, men mykje med måten vi som samfunn nytter naturen og ressursar på:
- Mattyggleik og beredskap,
- landbruk over hele landet,
- auka verdiskaping og
- bærekraftig landbruk med lavere utslipp av klimagasser.
I det tradisjonelle jordbruket har alle desse måla vore ivaretekne som ein naturleg biverknad av arbeidet.
Det moderne jordbruket har systematisk bevega seg lenger og lenger vekk frå Stortingets mål. Vi har utvikla eit produksjonsapparat som no er ein del av problemet.
Diagnosen
Riksrevisjonens undersøkelse av måloppnåelse og styring i jordbruket frå 2010 peika på at det er ein “risiko for at de overordnede målene som Stortinget har satt for jordbrukspolitikken, i for liten grad styrer utformingen av konkrete virkemidler under jordbruksforhandlingene”
Motsetnaden mellom vedteken politikk og resultat har ikkje bedra seg vesentleg sidan 2010. På desse 12 åra er det langt ned kring 10000 bruk.
Kjelde: Totalkalkylen
Kvar står vi?
Frå ein tabell om jordbrukets økonomi i totalkalkylen kan vi lese at markedsinntektene i jordbruket er lavere enn jordbrukets kostnadar og tilskota såvidt dekker bondens arbeidsinntekt og at gjelda er stigande.
Matproduksjonen vert holdt oppe, men med meir kostbar teknologi og eksterne innsatsfaktorer og med færre hender, og alarmerende dårlige marginer. Vi har fått eit landbruk som i stor mon er lausrive frå gardens ressursgrunnlag.
Profitten i marknaden kjem korkje bonden eller forbrukaren til gode, men vert henta ut av bondens leverandører og kundar, som samvirka, næringsmiddelindustrien, handelsnæringa og bankane. Det heile er holdt kunstig i live med ei mengde avbøtende støttetiltak.
Dei fleste bønder hentar i dag hovedinntektene sine frå anna arbeid og subsidierer eiga drift med tid og pengar. Snittinntekta på eit årsverk for arbeid og kapitalinnsats er 212 000 i følge Gryttenrapporten. Vi har kun 4500 heiltidsbønder att i Noreg og 33 % av alle jordbruksbedrifter i landet har null eller negativ inntekt melder SSB.
Det er dette landbruket som skal innfri Stortingets overordna mål.
Spørsmål til Stortinget
Fortolkinga av mål, og prioriteringar mellom motstridande mål, er i stor mon overletne til partane i jordbruksforhandlingane. Men i forhandlingsinstituttet sit berre representantar for landbruksdepartementet og finansdepartementet (og med innspel frå klimadepartementet) og utformer statens tilbod. Motparten i forhandlingane, faglaga har uttala at dei ikkje maktar å kreve det som trengs, berre det dei vert råda til av Samvirka og det dei kjenner det er rom for.
Resutaltet av forhandlingane gjennom alle år viser, med unntak av mål om verdiskaping, at Stortingets overordna mål ikkje kan ha hatt særlig høg prioritet mellom partane i Jordbruksforhandlingane.
I Hovudavtalen for Jordbruket, står det at «Jordbruksavtalar står tilbake for lover og stortingsvedtak, og kan ikkje gjennomførast i strid med traktatar som er bindande for Stortinget.» Det vil seie at ein jordbruksavtale skal komme Stortingets overordna mål i møte.
I Hovudavtalen for jordbruket, står det vidare at Statens utvalg i jordbruksforhandlingane « ..består av representanter fra de departement Staten bestemmer selv».
Ein kan undrast over kvifor Staten ikkje nytter høvet til å involvere departement som har kompetanse på nettopp Stortinget sine overordna mål, når jordbruksavtalen skal utformast. Kvar er departementa som skal ivareta distrikt, beredskap, ernæring, klima og miljø i forhandlingane? Eg vil tru ein ville fått ein anna jordbruksavtale om langt feire departement var involvert, for å sjå til at vektinga mellom måla var i tråd med Stortingets vilje og vedtekne politikk.
Eg meiner Stortinget bør nytte sitt mandat til å oppnemne kva departement som skal ha innverknad under forhandlingane og ivareta Stortingets sine mål. Om fleire departement hadde kunne vore med å fremme sine interesser under forhandlingane ville vi fått ei anna verdivurdering av jordbrukets rolle.
Relevante departement er:
Arbeid og inkluderingsdepartementet, fordi rekruttering, inntektsvilkår og sosiale rettar er avgjerande for om folk faktisk kan bli bønder.
Helse og omsorgsdepartementet - fordi matproduksjon, folkehelse og beredskap heng uløyseleg saman.
Klima og miljødepartementet - fordi jordbruket er ein nøkkelsektor for naturforvaltning og klimaarbeid.
Kommunal- og distriktsdepartementet fordi busetting og verdiskaping i heile landet er eit uttalt mål.
Justis- og beredskapsdepartementet - fordi landbruket er essensielt i vår totalberedskap
Kultur- og likestillingsdepartementet fordi landbruket forvalter mykje av vår immattielle og matrielle kulturarv.
Forsvarsdepartementet- fordi busetnad og mattryggleik er ein sentral del av vår beredskap.
Finansdepartementet må utfordrast fordi det er reelt motsetning mellom stortingets mål for jordbruket og FD sitt trykk i retning effektiv drift og restriktiv tilskotspolitikk.
Spørsmål til bøndene
Har den enkelte bonde ansvar for landets beredskap og klimapolitikk og distriktspolitikk?
- Ikkje meir enn andre sjølvstending næringsdrivande.
Dei spørsmåla som må stillast til landbruket må vere:
Er landbruket villige til å løyse Stortingets overordna mål for oss?
Er det produksjonsapparatet dei sitt att med i dag, i stand til å løyse desse oppgåvene?
Om landbruket og den einskilde bonde, skulle seie seg villige til å løyse desse ekstra oppgåvene, må neste spørsmål bli:
Kva landbruk treng vi, for å nærme oss desse måla?
Kva må vi gjere for å sette landbruket i stand til å komme desse oppgåvene i møte?
Til kva pris kan landbruket ta på seg desse oppgåvene og den naudsynte omstillinga?
Kva for fallgruver finnast det, om landbruket skal ta på seg desse større samfunnsoppdraga, i tillegg til matproduksjon?
Den enkelte bonde kan ikkje påleggast desse oppgåvene, men landbruket må vere ein viktig del av løysinga på desse problema, det ser alle. Men vi kan ikkje kreve av landbruket at dette skal løysast på dugnad, av dei få som i dag er att.
Om sjølvforsyning
Regeringa har eit mål om ei auking i sjølforsyninga på 50 % innan 2030. I følge NBS krev dette ei auke i planteproduksjon på 20%, ei auke i kornarealet på 100 000 da og grasarealet på 1 mill da og utmarksbruken må opp med 20%. Potensialet ligg i dei 1511 kvadratkilometer eller 13,3 % av jordbruksareala som er ute av drift.
Dette kan ikkje løysast på ein bærekraftig måte med framleis “effektivisering”. Det vil kreve meir målretta avl og genredigering og meir kapital, teknologi, energi og tilførte ressursar. Skal dette løysast i tråd med bærekraftsmåla må det komme som ei separat løysing som skiljer seg frå det eksisterande jordbruket. Ei ny satsing på beredskapsjordbruk, inspirert av modellane for det Sveitsiske fjelljordbruket. Eit jordbruk som i større grad utnytter bygdenes eigne kretsløpsresurser og med teknologiløysingar som tilpassa mindre bruk og lavere kostnader. Det kan heller ikkje løysast med vidare krav om meir produksjon pr arbeidstime og areal.
Om beredskap
Dei store moderne kjøt og mjølkeproduserande einingene står ikkje på eigne bein, men er heilt avhengige av tilført kraftfor, kunstgjødsel, teknologi og energi, samt ofte utanlandsk arbeidskraft, for å produsere mat. Det gjeld og for frukt og grønt, slik vi såg under pandemien og no under energikrisa. Dei er sårbare om forsyningslinjene forstyrrast. So her leverer ikkje dagens landbruk når det gjeld korkje sjølvberging, bærekraft eller beredskap.
Om landbruk i heile landet
Kanaliseringspolitikken har til ein viss grad gitt oss matproduksjon i heile landet, om ein ser dei åtte sonene under eitt. Men på bygdenivå, er det kun dei beste jordbruksbygdene innad i sonene, som leverer og dei fleste bygder ligg snart brakk, og i beste fall med ein eller to store og ofte gjeldstynga bruk att. Øvrig er det beitepussaren som går, og nokre seige eller idealistiske bønder venter til generasjonsskifte med å legge ned. Heile bygdesamfunn er rasert, med nedlegging av alle samfunnsfunksjonar som resultat.
Her må debatten om differensiert arealtilskott innad i sonene reisast. Ein bør og vurdere kanaliseringspolitikkens ulemper som gjer det vanskeleg å drive jordbruk tråd med biologien der husdyrgjødsel er ein naturleg del av planteproduksjonen.
Om menneske- og dyrevelferd
Vi høyrer vi stadig opprop om dyretragedier, det er symptom på at vi har pressa næringa til det ytterste. Dette er bønder systemet brutalt avvikler gjennom å presse dei utfor stupet. Dei har gjort alt staten har råda dei til, dei sit med store lån, dobbelt arbeid, ansvar for velferden til alt for mange dyr, og få kollegaer i bygdene sine å stø seg på. Dette er resultatet av eit effektivitetskrav og stadig nye pålegg som med tiltakade styrke, stadig pressar bønder ut av næringa. Men til større dei råka einingene vert, dess grymmare vert konsekvensane.
Om solidaritet.
Vekst i folketal og forbruk gjer at vi driv rovdrift på verda sine naturressursar.
Vi har litt forlenge, med vår kjøpekraft, hatt tiltru til at forsyninstryggleiken vår vil kunne halde fram, uforstyrra. No ser vi ein annan røyndom. FN rår i dag alle land i verda til å ta ansvar for eigen mattryggleik. Vår landbrukspolitikk har gitt oss ein sjølforsyningsgrad på 37 %, som reelt er lavere om ein trekk frå sårbarhet med importerte innsatsfaktorar. Jordbrukspolitikken er i dag også regulert av internasjonale avtalar, som legg hindringar for tiltak som styrker vår eigen forsyningstryggelk. Likevel ser vi andre land som Sveits som er i ein lik situasjon som oss lukkast med dette. Om internasjonale traktatar viser seg å stå i vegen for å auke sjølvforsyningsgraden, må det vere Stortinget si oppgåve å syte for at det vert rydda i dette, i tråd med FN sin tilrådingar.
Om samfunnsansvar og «billig» mat
Vi som samfunn må ta ansvar for bryte mentaliteten som får oss til å jage etter billig mat. Daglivarehandlelen må forstå at det er ikkje er heiderleg å skryte av at ein stadig pressar prisane. Det er veldokumentert at det er sine eigne innkjøpsprisar dei pressar, ikkje prisane ut til kunden. Gjennom jaget etter billig mat nedover i næringskjeden, står vi i fare for å presse livsgneisten ut av dei få som er att til å gje oss mat på bordet. Ei vesentleg inntekstauke for bøndene vil berre koste forbrukaren promiller i auka kostnader, om staten og forbrukaren tvinger mellomledda til å syne måtehald.
Men det vil kreve vesentleg meir av bøndene, og oss som samfunn, å omskape dagens produksjonsapparat til å bli reelt bærekraftig.
Ikkje eit gardsbruk å miste.
Vi må sette alle tiltak inn mot å stogge og reversere den årvisse bruksnedlegginga. Løysinga, er at bøndene får rett betaling for primæroppgavene sine. Så godt betalt at dei er mindre avhenging av jobb utanom, så godt betalt at det svarar seg å drive i samspel med naturen, med biologien og geografien, så godt betalt at det svarar seg å produsere mindre pr. arbeidstime, så godt betalt at vi kan finansiere fleire gardar og gjenreising i nedlagte landbruksbygder.
Realverdiar må verdsettast reelt.
Ei satsing på å auke sjølvforsyninga til 50 % innan 2030, altså ei auke i eigen matproduksjon på 30% i høve dagens produksjon, tenkjer eg bør komme som ei ny satsing utanom det konvensjonelle jordbruket. Lat det bestående bestå - vi treng det - men ta bort krav om ytterlegare effektivisering og gje bøndene betalt bode for arbeidsinnsats og for eigekapitalen, kanskje det vil bety færre støtte ordningar ogmeir autonomi for bønedene.
Men auka frå 35 % sjølvforsyning til 50 % tenkjer eg må komme i tillegg, som eit beredskapsjordbruk. Eit jordbruk som verdsetter realverdiproduksjon i størst mulig grad basert på bygdenes eigne kretsløpsresursar.
Som bygger verdiar utan å tære på våre lagerresursar og som ikkje forringer naturens bæreevne. Dette jordbrukets avkasting har i realiteten ein heilt annan verdi enn slik den er verdsett i dag. Dette vil reelt sett kunne komme Stortingets mål imøte og supplere det jordbruket vi har i dag på ein bærekraftig måte. Her krevast det engasjement frå alle departement, som kvar for seg kan fremme kva betydning jordbruket har for deira formål. På dette viset kan vi få fram i kva verdi produksjon av realverdier basert på kretsløpsresursar eigentleg er.
Det komme som ei ordning utan om jordbruksavtalen, ein modell kan kanskje vere rolla kulturrådet spelar for den frie scenekunsten, dynamiske ordningar somkjennecr feltet og som stimulerer villige bønder som ynsjer å jobbe for beredskap og matproduksjon på naturens premiss, i samspel mellom dyr og planter, basert på stedegne ressursar.
Om vi som samfunn tek dette alvorleg, kan dette legge grunnlaget for å gjenreise den samfunnsnyttige krafta landbruket kan og vil vere.
Ein må då ha med seg Bondelaget sitt gamle formål om å ivareta bygdenes sosiale, kulturelle og økonomiske liv og fokus på legge grunnlag for gode liv og glade menneske. Dette vil styrke vår beredskap bode materielt og mentalt som samfunn, gi tilbake bøndene sin verdighet, og bidra til gjenreising av tilliten i samfunnet. Og vi vil trygge bode busetnad og sjølvberging bode i normal år og om forsyningstryggleiken skulle komme i fare.