Effektivisering, arbeidsproduktivitet, normering.Kreativ språkpraksis kamuflerer vidare avvikling.
Når teaterframsyninga Bondetinget har ny-premiere på Teater Innlandet i januar 2026, er det naudsynt med nokre refleksjoner omendringane vi har sett sidan premiera i 2021. Ikkje fordi grunnkonflikten har endra seg, men fordi språket rundt landbrukspolitikken har gjort det.
Som framsyninga dokumenterer har målet om jamstilling historisk vore finansiert gjennom eit årleg krav om effektivisering på 2–3 prosent. Det vil seie: Inntektsauke har i stor grad ikkje kome gjennom meir pengar til landbruket, men gjennom ei årleg reduksjon i talet på årsverk. År for år har bønder gått ut av næringa og gitt rom for auka produksjon og inntekt for dei som vart att.
Denne mekanismen har lege fast sidan hovudavtalen i 1953, og vart tydeleg forsterka etter Stortingsmelding nr. 64 (1965), der jamstillinga vart avgrensa til bruk som kunne gi full sysselsetting til éin person på eit «rasjonelt drive bruk». Sidan har kravet skifta namn: reduksjon i årsverk, produktivitetsvekst, strukturutvikling. Innhaldet har vore det same.
Frå arbeid og jord til kapital og risiko
Etter bondeopprøret i 2021, og etter at store delar av landbruket i dag er meir driven av kapital, investeringar og gjeld enn av arbeid og areal, kom eit legitimt krav: Ein må skilje mellom bonden si inntekt som avkastning på kapital og godtgjersle for arbeid.
Gryttenutvalet stadfesta det mange bønder har hevda lenge: Bonden si inntekt for arbeid og kapital har over tid vore systematisk overvurdert i Totalkalkylen. Samstundes peika utvalet på høg inntektsrisiko, stor arbeidsbelastning og svake sosiale rettar.
Gryttenutvalet valde på tross av dette, å ikkje skilje mellom kapitalavkastning og arbeidsgodtgjersle,men konkluderte med at; skal inntektsmåla nåast, må inntektene reelt aukast.
Finansdepartementet og grensa for politikken
Stortingets mål for jordbruket har lege fast i mange år; beredskap, auka sjølvforsyning, små og storebruk og landbruk over heile landet. Riksrevisjonen påpeika i 2010 at « de overordnede målene som er satt for jordbrukspolitikken, i for liten grad styrer utformingen av konkrete virkemidler under jordbruksforhandlingene» I jordbruksforhandlingane er staten representert av i hovudsak Landbruksdepartementet og Finansdepartementet. Det er interesant å granske finasdepartementets rolle i gapet mellom mål og resultat, og undersøke i kva grad Finansdepartementet trumfer Stortingets mål.
I høyringa til Grytten,NOU 2022:14 formulerer FID det slik:
«Inntektsmålet må utformes slik at det ikke svekker insentivene til effektiv drift. Beregningsmetoder som overvurderer inntektsgapet vil kunne føre til et uforholdsmessig høyt støttenivå.»
Dette er kjernen: Ei open erkjenning av det reelle inntektsgapet vil koste pengar. For Finansdepartementet er produktivitetskravet ikkje eit fagleg nøytralt anslag, men eit styringsverktøy for å halde kostnadene nede og presset oppe.
Normering som løysing – på papiret
Resultatet av dette spenningsforholdet er velkjent: Jordbruksforhandlingane skal følgje Stortinget sitt mål om «å opprettholde et aktivt og variert jordbruk over hele landet», samstundes som dei ikkje skal bryte Finansdepartementet sitt krav om effektivisering. Løysinga blir å kamuflere at finansdepartementet sigrar; det vert ingen reel inntektsauke, men ein fiktiv auke rekneskapen, skjult bak forvirrande oppgrep og rekneteknikk.
«Normeringsfaktoren» er her det tydelegaste dømet. Han aukar den berekna inntekta før samanlikning med lønnsmottakarar med ein vilkårlig vedteken prosent – utan å gi bonden ei krone meir. På same måte blir timetalet i eit årsverk justert ned, medan produksjonskravet i praksis ligg fast. Gapet blir lukka i modellen, ikkje i røynda. Fiktivrekneskapen går opp, men i røynda betaler næringa med dugnad og ein ytterlegare reduksjon av antall bruk.
Språk som politisk teknologi
Det som før vart sagt rett ut – at inntektsvekst føreset færre bønder – blir no formulert som tekniske justeringar. Effektiviseringa er ikkje borte, men nytale og kreativ rekneskapsakrobatikk gjer det mogleg å vise framgang utan at vilkåra nødvendigvis endrar seg stort.
Her ligg paradokset: Grytten slår fast at inntektene må aukast reelt. Finansdepartementet set ei grense for kva dette kan koste. Jordbruksforhandlingane endar med eit kompromiss som ikkje løyser motsetnaden, men maskerer han.
Stortinget har formelt all makt og alt ansvar, men rår ikkje over Finansdepartementet sitt uomtvistelege krav om effektivisering. Normeringsfaktoren vert kompromisset som først og fremst tener som språkleg kamuflasje for at Finansdepartementet sin økonomiske ideologi nok ein gang sigrar over Stortingets mål.
Bondetinget handlar difor ikkje berre om landbruk. Det handlar og om kva som skjer når politikken gir frå seg styringa, når endringar i samfunnet ikkje kjem som krav frå grasrota i demokratiet men frå finansdepartementets ideologi og reknemåtar.