Om Fjaler Turnéteater
Fjaler Turnéteater vart oppretta som eige selskap sommaren 2024, og er leia av Torkil Sandsund. Fjaler Turnéteater har formål å produsere i Fjaler og distriubere teater hovudsakleg til små stadar og finne nye vegar for distribusjon. Ambisjonen er å produsere i hovudsak nyskrevne og sjølvskrivne stykker. Turnéteateret har ein ambisjon om å på sikt vere ein paraply for andre. Vi vil i første omgang arbeide for å produsere teknisk enkle produksjonar og lett turnébare framsyningar.
Fjaler Turnéteater oppsto som eit prosjekt i 2022, for å turnere “Aske av Stein” i regi av Simon K. Boberg, ein produksjon produsert etter initiativ frå et tverrfaglgig nettverk for idé- og konseptutvikling, initiert av Demian Vitanza, med Torkil Sandsund (regissør, dramatikar og utviklingsansvarleg), Demian Vitanza (dramatikar og forfattar), Miriam Prestøy Lie (regissør og dramatikar), Yasin Gyltepe (lysdesign og dramatikar), Simon K. Boberg (Regissør, DK) og Idun Vik (dramaturg og prosjektutvikler, Cornerteateret) og med Marianne Solberg (dramaturg og kreativ produsent).
Fjaler turnéteater vil utviklast vidare i kollektiv med dette nettverket.
Fjaler Turnéteater lagde sin andre produksjon vert familieframsyninga;
“Wake Orwell og Iranu” av Torkil Sandsund, med premiere i Samvirket i Dale 22. februar 2025.
Våren 2025 vert det Bergenspremiere på “B. Dybwad Brochmanns Forsvarstale”, av Torkil Sandsund. Prosjektet hadde ei iscenesett lesing under Teaterfestivalen i Fjaler 2024, etter ein Workshop periode i samarbeid med Teater Vestland.