BONDETINGET
av Torkil Sandsund
Bondetinget er ei dokumentarteaterframsyning eller “true crime” om norsk landbrukspolitikk dei siste hundre åra.
Landbruket har vore i ei rivande utvikling. No produserer knapt 36.000 bønder meir mat, og det billegare, enn 350.000 bønder gjorde etter krigen. Aldri før har så mangen produksert så mykje for så lite.
Noko er stole frå dei norske distrikta. Konsekvensane er utarma bygder, nedlagde gardar, utdøyande bygdestamfunn og eit raseri som feiar over landet vårt i val- og jubileumsåret 2021. Vil bygdene våre overleve?
B. Dybwad Brochmanns Forsvarstale
Året er 1947, og Bertram Dybwad Brochmann er tiltalt for landssvik. Saken står i Voss herredsrett, og Brochmann må forklare seg foran domstolen.
Av Torkil Sandsund og Fjaler Turnéteater
Wake Orwell & Iranu
Ei leiken, poetisk og vill familieframsyning om vennskap og frykt.
Av Torkil Sandsund og Fjaler Turnéteater
DESIBEL
Verdens største mobile hornhøgtaler
Desibel er eit mobilt støykunstprosjekt. Det vart laga i høve Vevringutstillinga sitt 30-års jubileum 2009.
Ideen var initiert av Wenche Wefring som ein protest mot planane om å dumpe gruveavfall i Førdefjorden. Ideen vart tatt vidare av Torkil Sandsund og utvikla saman med Biletkunstnar Geir Hjetland, akustikar Bjørn Kolbrek. Komponist Maja Ratkje laga musikk til verket DESIBEL.