Frå Hypotekbanken til Innovasjon Norge – eit historisk riss
I samband med ny-premiera på Bondetinget ved Teater Innlandet går regissør Torkil Sandsund i djupna på nokre av temaa som vert drøfta i framsyninga.
Bondetinget har nypremiere på Teater Innlandet 22. januar og spelar fram til xx. februar.
Frå Hypotekbanken til Innovasjon Norge – eit historisk riss
Norsk jordbrukspolitikk etter andre verdskrigen har vore prega av sterke ambisjonar: jamstilling mellom by og land, matforsyning i heile landet, busetting, beredskap og kulturell kontinuitet. For å realisere desse måla vart det bygd opp eit omfattande institusjonelt apparat, der kreditt og finansiering spelte ei nøkkelrolle. Hypotekbanken, Statens Landbruksbank og seinare Innovasjon Norge representerer ikkje berre ulike forvaltningsmodellar, men ulike verdsbilete og forståingar av kva jordbruk er, og kva staten sitt ansvar skal vere.
Hypotekbanken – tid, jord og kontinuitet
Hypotekbanken representerte den eldste logikken i norsk landbruksfinansiering. Banken var basert på pant i fast eigedom og lange tidshorisontar. Den spurde ikkje etter innovasjon, vekst eller marknadspotensial, men etter jord, varigheit og generasjonar. Kreditt vart forstått som eit middel til å sikre kontinuitet, ikkje som ein katalysator for omstilling.
For bonden innebar dette ein form for fridom gjennom tryggleik. Ein kunne byggje i samsvar med eigne behov og lokale føresetnader, utan krav om ekspansjon. Staten sin rolle var implisitt: å vere til stades over tid, å rekne med at bonden blei verande, og å akseptere mangfald i driftsformer og storleik. Hypotekbanken var såleis ikkje eit eksplisitt politisk styringsverktøy; den gav berre langsiktige lån, og bonden var ansvarleg for korleis hen ville investere, stort eller lite.
Statens Landbruksbank og 1965-modellen
Med opprettinga av Statens Landbruksbank i 1965 vart kredittpolitikken i jordbruket meir eksplisitt politisk. Samanslåinga av fleire finansieringsinstitusjonar hadde som mål å effektivisere verkemiddelbruken og støtte ei planmessig modernisering av næringa. Landbruksbanken vart eit sentralt verktøy i etterkrigstidas sosialdemokratiske planøkonomi.
Skilnaden på Landbruksbanken og Hypotekbanken var tilskot. Og tilskota var innretta for å auke effektiviseringa, og såleis vart Landbruksbanken eit verktøy i strukturrasjonaliseringa. Med Landbruksbanken kom det normer for utbyggingsbruk: dei bruka som var godkjende fekk tilskot og lån, medan dei som ikkje var godkjende fekk det ikkje. Med dette gjekk staten i realiteten inn som investor, og kunne avgjere korleis bonden skulle satse, og kor stort eller lite ein kunne byggje.
Grunntanken var at marknaden åleine ikkje kunne levere dei samfunnsmåla Stortinget hadde sett for jordbruket. Difor måtte staten styre kreditt, investeringar og strukturutvikling.
Ideologisk brot: frå plan til marknad
Frå slutten av 1970-talet og gjennom 1980- og 1990-talet skjedde eit ideologisk skifte i vestlege økonomiar. Inflasjonskontroll, liberalisering av kredittmarknader, avregulering av bankar og avvikling av politisk styrt kreditt vart sentrale prinsipp. Denne utviklinga var internasjonalt forankra og vart formidla gjennom OECD, IMF og økonomfaglege miljø.
I Noreg fekk desse ideane fotfeste i Finansdepartementet og Norges Bank. Politisk styrt kreditt vart definert som ineffektiv og forstyrrande. Utviklingsbankar vart sett på som restar frå planøkonomien. Argumentasjonen var teknokratisk: nøytralitet, effektivitet og makroøkonomisk stabilitet.
Frå Landbruksbanken til Innovasjon Norge
Opprettinga av Innovasjon Norge tidleg på 2000-talet representerte eit nytt steg. Landbruksbanken eksisterer formelt framleis, men utlånspolitikken vart gradvis tilpassa marknadslogikk og prosjektvurderingar. Innovasjon Norge vart hovudkanalen for statleg støtte til næringsutvikling, også i landbruket.
Innovasjon Norge opererer ikkje med universell tilgang. Støtte blir gitt til utvalde prosjekt basert på kriterium som innovasjon, verdiskaping, lønsemd og marknadspotensial. Drift i seg sjølv er ikkje tilstrekkeleg. Bonden må framstå som entreprenør. Til dømes er det interessant for Innovasjon Norge om du utviklar garden til andre ting enn det å produsere mat.
Dette inneber ei indirekte styring av næringa. Innovasjon Norge definerer kva som er framtidsretta, og bønder tilpassar seg språk, prosjektform og satsingar. Små og mellomstore bruk, tradisjonell drift og marginale område kjem med dette dårlegare ut.
Stortingets mål – på papiret og i praksis
Stortinget sine mål for jordbruket ligg fast: landbruk over heile landet, matberedskap, berekraft, jamstilling og rekruttering. Men verkemidla støttar i minkande grad desse måla.
Landbruk over heile landet er svekka gjennom konsentrasjon. Matberedskapen er effektiv, men sårbar. Inntektsjamstilling er ikkje nådd, og rekrutteringa er sterkt utfordra. Måla er kollektive, medan konsekvensane er individuelle.
Resultatet er færre bruk, større einingar, høgare gjeldsgrad og større kapitalbinding. Investeringar blir gjorde for å overleve i konkurransen, ikkje for å sikre kontinuitet. Andre verknader er tap av politisk styring, gjeldsvekst og sentralisering. Vinnarane er store og kapitalsterke bruk, finanssektoren og staten på kort sikt. Taparane er små og mellomstore bruk, nye bønder utan eigenkapital, distriktsjordbruket og bondens autonomi. Stortingets mål står att som tomme kulisser, medan ein heilt annan ideologi styrer retninga.
Denne endringa eg peikar på her gjeld sjølvsagt ikkje berre landbruket; det har vore ei systematisk endring av dei fleste av samfunnet sine område og er ein del av ein global trend, driven fram av sentrale finansmiljø, Norges Bank og Finansdepartementet over tid. Dei same endringane som gjekk ut som krav frå Verdsbanken når dei gav lån til u-land, har Noreg innført frivillig over tid, som ein del av ein internasjonal ideologi. Om dette har tent norsk jordbruk og Stortinget sine mål, er noko som må drøftast vidare. Og det er kanskje noko Stortinget bør vurdere nøye sjølve – landbrukspolitikken er trass alt Stortinget sitt ansvar og må ikkje overlatast til andre.